AddToAny

Kva skal vi med tre i sentrum?

Trea som veks i sentrum står lageleg til for hogg når bilar, bustader og butikkar har bruk for meir plass. Vi gløymer lett at treet det tok ti minutt å felle, brukte 100 år på å bli stort.
Hugsar du dei heitaste dagane i sommar? Då parkeringsplassane låg som ørkenar i solsteiken, og berre tanken på ein tur på butikken var strevsam. På slike dagar er det godt å kvile både føtene og hovudet under eit tre, på ei kjøleg grasmatte.

Eit godt sentrum for folk byr på meir enn varer og tenester: vi vil ha skuggefulle kvilestadar, lyden av fuglar og insekt, god lukt og rein luft. Tettstadar med mykje tre leverer på alle desse punkta - i tillegg bind dei jord og vatn når regnet auser ned og trugar med å drukne kjellarar. For hundre år sidan budde dei fleste i Noreg på bygda. I dag bur fire av fem i byar og mindre tettstadar, som t.d. Sogndalsfjøra. Kva skal til for at folk trivst i sentrum, og likar å bruke tid der?

Trea forsvinn

I storbyane har dei skjønt noko viktig: Tre må takast vare på. I København har dei til og med laga ein eigen trepolitikk, med mål om at minst ein femtedel av byen skal vere dekt av trekroner. Kor stort areal trekronene utgjer i mindre, norske tettstader veit vi ikkje, men akkurat for Sogndalsfjøra har studentar og forskarar ved Høgskulen på Vestlandet kartlagt dekninga av tre og grøne flater i dag, og samanlikna med korleis det var for tretti år sidan.

På tretti år har desse flatene krympa frå 40 til 26 prosent. Kvart sjette tre i Sogndal sentrum har blitt hogd. At to av tre frukttre samtidig forsvann og blei erstatta av tuja og gran, bør vere ein tankevekkjar for fruktbygda Sogndal. Her vart hovudgata i si tid kalla opp etter trea vi plukkar dei smakfulle gravensteinsepla frå.

Høgblokk for småkryp

Tre i sentr

Les mer

Flere saker fra forskning.no

Kjente og kjære hageplanter kan skape trøbbel på sikt. Mange tenker nok på lupinen når de hører ordet fremmedart. Lupinene kom til Norge som en vakker ...
forskning.no 28.09.2023
Amerikanske forskere har kartlagt på hvilke tidspunkt eiere til omplasserte hunder kan forvente at adferdsproblemene går over, og når de kan forventes ...
forskning.no 28.09.2023
- Bare det å si at ME ikke kan helbredes, gjør at pasientene blir usikre, stresset eller redde, og de mister naturlig nok håpet. Dette gir dårligere ...
forskning.no 28.09.2023
Havets dyp er like ubegripelig som universet. Det beviser nok en gang vinneren av Oceanopgraphic Magazines Ocean Photographer of the Year 2023. Se ...
forskning.no 28.09.2023
Etter mange års arbeid mener en forskergruppe å vise hvordan antimaterie påvirkes av tyngdekraften.
forskning.no 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt