AddToAny

Kva er det med Ål?

Kva er det med Ål?
Få, om noka norsk bygd har fostra så mange musikarar som Ål. Men korleis kan det ha seg? Her er så tyst.
Musikkliv og musikkliv...

Arne Moslåtten snakkar med ein lun autoritet som berre fell naturleg for folk som har levd ei stund.

- Det skjer, men det skjer meir lukka og privat. Sjølve miljøet er ikkje så synleg, eigentleg, fortset han.

Skinnsofaen klagar, gjer altfor mykje av seg. Stikk motsett av Arne. Og Ål i det heile. Mistenkjer eg.

- Det er veldig mange som har gjort musikk til noko meir enn ein hobby, men å seie at musikklivet på Ål er så valdsamt blomstrande, det er det nok ikkje, sånn offentleg sett. Folk kjem saman og så driv dei med ting ein eller annan plass, og det kan vere ganske tøffe ting, men du kan gå forbi det huset og ikkje ane at det skjer noko der.

Arne humrar.

Marte Bjerke

Suksessfaktor éin: Ein stad å spele for folk

Vi skal spole nokre månadar tilbake, til 10. mars. Ja, like før landet stengde ned. Det er som hotellet på Ål ligg og ventar på at nokon skal kome. Men ingen kjem. Gata strekker seg svevnig på utsida.

Thon Hotel Hallingdal er ikkje ein tilfeldig åstad for intervjuet med ein av stamfedrane til musikklivet i bygda. Arne Moslåtten er tidlegare rektor på kulturskulen og mangeårig medlem og tekstforfattar i Hellbillies. Han har spelt her fleire gongar - hotellet har vore ein av fleire konsertarenaer i bygda. Arne understrekar kor viktig det er å ha ein stad å spele.

- Om arenaen er privat, kommersiell eller tilrettelagd av politikarar, det er ikkje så viktig. Men det å sitte heime og øve kjem ein ikkje så langt med. Og når éin gjer det bra, er det fleire som vil gjere det same - den smitteeffekten der, seier Arne, og trekk fram ungdomshusa som andre sentrale møtestadar.

- Å spele til dans på ungdomshuset har vore viktig for mange musikarar i Ål. Ungdomsklubben har nok òg vore ein arena, seier han.

Suksessfaktor to: Smitteeffekten

Skal ein drive musikalsk smittesporing i Ål endar minst eitt av spora hjå mannen som sit framfor meg no. I 1991 endra Kådnbandet namn til Hellbillies. Resten er norsk musikkhistorie.

- Det var mange som syntest det var veldig stas at vi brukte hallingdialekten, seier Arne, når han blir servert ein moglegheit for å drive sjølvskryt. Han strekk seg til dette:

- Det er klart at det var det veldig mange som syntest var flott.

SÆRS VIKTIGE FOR MUSIKKLIVET I ÅL: Dei har inspirert mange, ikkkje berre frå Ål - Hellbillies.

Presse

Betydinga til Hellbillies kan vel knapt underdrivast. Det var ikkje berre dialekten, men også musikkstilen, som blei tonegivande for mange av dei som kom etter. Sørstatsrocken. Arven etter platesamlinga til Arne Sigurd Haugen - den eldste av Haugen-brørne. Ei samling han hadde med seg heim frå utvekslingsstudium i USA på 70-talet.

- Det er nok fleire som er fans av The Band og The Allman Brothers her enn mange andre plassar. Vi er blitt ei slags avdeling, seier Arne.

Suksessfaktor tre: Dei viktige tannhjula bak scenen

Men smitteeffekten Arne snakkar om har ikkje berre inspirert folk til å gå opp på scenen, han har òg inspirert til livet bak. Tettheten av lydteknikarar er stor i Ål. Særleg éin av dei har hatt ei sentral rolle. Han kjem rett nok frå nabotraktene Nes, men har vore ein fødselshjelpar for musikarar i heile Hallingdal.

Lydteknikar Tor Magne Hallibakken var mannen som presenterte Hellbillies for Øystein Sunde, noko som førte til at bandet fekk sin fyrste platekontrakt. I fjor blei Tor Magne 55 år, og under Hallinglarm - ei storstilt mønstring av artistar og band frå Hallingdal- var han heidersgjest. Alle spela gratis. Inntektene gjekk til å finansiere eit flygel til Tor Magne sitt studio. Det seier vel det meste om kor mykje mannen har betydd for musikklivet i distriktet.

DET STORE SPØRSMÅLET: Kvifor kryr det av toppartistar frå Hallingdal, spør Hallingdølen. Ein av grunnane er nok denne mannen: lydteknikar Tor Magne Hallibakken har vore særs viktig for musikkmiljøet i dalen.

Faksimile

Men Tor Magne er ikkje aleine om å skru lyd i Ål og områda rundt. Hallingdal Lyd er eit døme på eit tradisjonsrikt sceneteknisk selskap med base i Ål. Tor Magne driv og eig selskapet i lag med Øystein Etterlid og Sture Moslåtten. Og Øystein skrur ikkje berre lyd, han er òg ein av initiativtakarane bak festivalen Sundreball. Smittee

Les mer

Flere saker fra Kontekst

Pianolærer Ragnhild Eline Hoen fant ikke læremateriell som passet, og lagde en bok selv.
Kontekst 27.09.2023
For første gang har en tenor vunnet Den norske solistpris.
Kontekst 27.09.2023
Ny Norsk Standard for konsertlokaler er endelig klar etter flere høringsrunder. Med dette er den gamle fra 2014 helt erstattet.
Kontekst 25.09.2023
Trenger du en sparringspartner? published | author Redaksjonen Norsk Tonekunstnersamfund lanserer en mentorordning hvor utøvere innen det klassiske feltet kan ønske seg en mentor blant foreningens medlemmer.
Kontekst 25.09.2023
Tradisjonshåndverkere jubler forsiktig over det regjeringen kaller «et historisk løft». Men blir det utdannet mange nok med kompetansen til å gjennomføre?
Kontekst 25.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt