Khrono
02.07.2022
Rapporten frå KPMG underbyggjer behovet for nytt styre i Forskingsrådet, skriv statssekretæren i Kunnskapsdepartementet.
Carina Hundhammer i Abelia kommenter 30. juni rapporten KPMG har levert om økonomistyringa i Noregs forskingsråd (NFR). Ho omtalar rapporten som fasiten, men er merkeleg lite oppteken av kva fasiten faktisk seier.
Les merRapporten er den eksterne vurderinga av økonomien i Forskingsrådet som regjeringa bad det nye styret gjennomføre. Gjennomgangen skulle sikre at Forskingsrådet sine eigne tal for det økonomiske uføret var korrekte. Det gjer han til gagns.
Rapporten stadfester at Noregs forskingsråd (NFR) har lova bort nærare 1,8 milliardar kroner meir enn budsjettet og late vere å innarbeide Solberg-regjeringa sine eingongskutt på 1,7 milliardar i budsjetta sine. På toppen kjem at Solberg-regjeringa gjenbrukte nærare 600 millionar av avsetningane, totalt altså meir enn 4 milliardar kroner. Det er fasiten.
Regjeringa sparar ikkje ei krone på at det nye styret i Forskingsråd