Etter at forsøket med landbruksutdanning som lærlingordning blei avslutta i 2021, er spørsmålet kva vi gjer no. I evalueringa av forsøket er dei skulane som var med på forsøket strålande nøgde: Det var god rekruttering til faget, lite fråfall og ungdomane som gjennomførte står betre rusta til å gjennomføre praktiske oppgåver i jobbkvardagen. Og både teorisvake og -sterke elevar kunne få ein skulekvardag som passa deira behov.
For skulane og - iallfall nokre av - elevane høyrest dette sjølvsagt fint ut. Vi er likevel mest opptatt av landbruksnæringa sine behov og moglegheiter. Og vi kjem stadig tilbake til dette: Kor skal alle lærlingplassane finnast? Kven skal betale lærlingane? Kven skal organisere ei lærlingordning i landbruke