Bondebladet
08.02.2023
Dei tre systrene vaks opp på ein gard på Mo ved Ørsta sentrum. Ørsta Bondelag er med som sponsor, og låten «Ka e det so skjer?» er tilgjengeleg på sosiale medium.
Rita, Tonje og Ronja Aakre arbeidde på gard i oppveksten. Dei kjenner fleire som driv gard og har kjensler for gardslivet. Dette gav inspirasjon til teksten som dei laga saman.
Les merJentene vart inspirert av ein TV-serie der ein viste korleis ein kan lage låtar av nærmast alle tema. Mogleg utbygging av bustadfelt på Fremre Mo i Ørsta, gjorde at dei hadde temaet til ein song klart, skriv Ørsta Bondelag i ei pressemelding.
Systrene laga tekst og melodi som dei spelte inn som ein a capella låt med eigne beatlydar, i tillegg til song. Dei la ut låten på sosiale medium før jul i 2022. Ørsta Bondelag snappa opp låten og bestemte seg for å få låten spelt inn i studio.