- Dette er langt frå glasklart. Skal me då vurdera om forskaren har gjort eit grovt, uaktsamt plagiat og bør mista jobben på grunn av det? Då må me i tilfelle bruka termen grov uaktsemd. Oppfatninga mi er at det er uheldig å bruka juridiske normer på forskingsetikk. Der er det best å bruka etiske normer, slo han fast.
- Saka blir spissa opp
Samtidig tykte han det er viktig at det også fins ei ordning som kan ta vare på rettane til den som blir skulda for forskingsfusk som til dømes plagiat.
- Det er ei stor bør for den det gjeld, men me må ha eit system som sikrar interessene. Saka blir spissa opp om advokatar straks kjem inn på bana, trudde han.
Derfor meinte han at det var på sin plass for institusjonane å ha på plass informasjon om kva ein forskar risikerer om vedkomande bryt forskingsetiske normer.
- Det vil vera betre å skildra kva handlingar som vil gi ulike sanksjonar for den det gjeld, understreka han.
- Her er det ein diskrepans(mangel på samsvar) mellom forskingsetiske og juridiske omgrep. Om forskingsetikken blir rettsleggjort, er det til hinder for at me får diskutert forskingsetikken ordentleg, frykta Ole Andreas Rognstad.
Jussprofessoren trekte også fram at grensa mellom det som kan kallast for forskingsfusk, fabrikkering og plagiat (FFP) og diskutabel forskingspraksis ikkje alltid er like klar.
- Me må finna gode løysingar på det, men me har det ikkje heilt på plass enno, sa han.
- Må ha nokon til å forsvara seg
Tidlegare medlem i Felles redelighetsutvalg for Det medisinske fakultetet, UiO, OUS og Ahus, medisinprofessor emeritus, Ole M. Sejersted var einig med Ole Andreas Rognstad i at