Bondebladet
06.12.2021
Det vart auke for dei fleste husdyrproduksjonane, men nedgang for kornprodusentane.
Også for frukt- og bærprodusentane gjekk jordbruksinntekt ned i 2020, skriv Nibio i ei pressemelding. Driftsgranskingane for 2020 omfattar rekneskapstal frå 924 bruk fordelte over heile landet.
Les merJordbruksinntekta auka med 27 600 kroner per årsverk frå 2019 til 2020, og vart 327 800 kroner. Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet og på Jæren med høvesvis 412 800 og 359 000 kroner.
Produksjonsinntektene auka med fire prosent. Husdyrinntektene, som utgjer 56 prosent av produksjonsinntektene, auka med tre prosent. Til dømes auka inntektene frå sal av storfekjøt med 7 prosent og frå slaktegris med 15 prosent.
Også inntektene frå planteproduksjon og tilskot auka frå 2019 til 2020 i gjennomsnitt for landet.
Auken i kostnader
Kostnadene auka i gjennomsnitt med 3 prosent. Dei variable kostnadene auka med 4 prosent i gjennomsnitt, men med stor variasjon me