forskning.no
04.03.2021
Mjølkesyre er viktig når hjernen dannar nye nerveceller, noko som kan motverka Alzheimer. Forsøk med mus viser at effekten varierer med korleis mjølkesyra vert tilført.
Tidlegare forsking har påvist at når eit protein i cellemembranen kalla HCA1 vert aktivert av mjølkesyre, vert det danna fleire blodårer i hjernen. Det kan potensielt vera som eit forsvar mot aldersrelatert nedgang i kognitive evner, som til dømes Alzheimers.
Les merAlle celler har eit signalsystem. Dei sender ut og tek imot signalmolekyl via reseptorer. HCA1 er ein reseptor, eit protein med ein kjemisk struktur som bind saman signalmolekyl i cellene.
Nye nerveceller er eit anna viktig forsvar mot svekka mental funksjon. I den vaksne hjernen vert dei nye cellene i hovudsak danna i to soner.
Kroppen dannar mjølkesyre når vi trenar. Men forskinga på danning av nye blodårer i hjernen viste at mjølkesyre tilført