Kritiserte utanlandske forskarar for ikkje å delta i samfunnsdebatten
Den 24. september tok den same debatten fyr igjen etter eit intervju med forskar og jurist Cecilie Hellesveit i Khrono Forskaren frå Folkerettsinstituttet meinte mange av dei utanlandske vitskaplege tilsette ikkje deltar like mykje i den offentlege debatten i media og på andre scener som vitskaplege tilsette med norsk bakgrunn gjer. Etter hennar oppfatning har heller ikkje alle dei utanlandske forskarane nok kunnskap og kjennskap til norsk kultur og samfunnsforhold til at dei kan naudsynte bidrag til det norske samfunnet.
NMBU-rektor la seg flat
Utspelet til Cecilie Hellestveit fekk NMBU-rektor Curt Rice til å koma med ei kraftsalve mot henne i Khrono, der han oppfordra norske media til ikkje å intervjua henne. Dagen etter la amerikanaren Curt Rice seg heilt flat med orda om at han var så godt integrert i Noreg at han visste når det var på sin plass å leggja seg paddeflat. Det var eit slikt tilfelle. Seinare kom jussprofessor Mads Andenæs ved UiO med eit anna utspel i Khrono der han meinte det var uhøfleg og ukollegialt av Cecilie Hellestveit og andre forskarar å kritisera utanlandske forskarar.
- Uheldig timing
Ein av dei som no reagerer sterkt mot synspunkta til Cecilie Hellestveit og støttespelarane hennar er Jan Helge Solbakk, professor i medisinsk etikk på Universitetet i Oslo. Han tykker debatten tar ei svært uheldig retning.
- Eg blei ganske forskrekka då eg las det første oppslaget, dels på grunn av det som blei sagt og dels på grunn av timinga. No er det så mykje fokus på immigrantar og flyktningar, og me ser politiske strøymingar i fleire europe