Uniforum
24.05.2022
Onsdag 25. mai klokka 13.30 vert "Skamstøtta" reist i Universitetshagen til minne om massakren på Den himmelske freds plass i Beijing i 1989.
I førre veke blei det kjent at Amnesty International saman med Hongkong-komiteen i Noreg og den danske kunstnaren Jens Jens Galschiøt skal reisa den åtte meter høge skulpturen "Skamstøtta" i Universitetshagen midt blant sentrumsbygningane til Universitetet i Oslo. Skupturen er ein dansk versjon av den som blei fjerna frå Hongkong-universitetet 23. desember i fjor. etter press frå dei kinesiske styresmaktene. - Fin symbolsk verdi
Les merGeneralsekretær John Peder Egenæs i Amnesty Noreg tykkjer det har ein symbolsk verdi. - Me valde å søkja UiO om å få stilla ut skulpturen på deira tomt fordi den opphavlege versjonen av skulpturen som stod i Hongkong var utstilt utanfor universitetet der. Me synest det har ein fin symbolsk verdi at den står utstilt i Univ