Uniforum
14.02.2020
Etter over eitt år med diskusjonar, allmøte og seminar skal universitetsstyret i dag vedta Strategi 2030. No handlar debatten om strategien skal vera med eller utan visjon.
Den 4. oktober hadde universitetsstyret eit eige seminar om Strategi 2030. Då diskuterte og fastla styremedlemane struktur, ambisjonar og mål for den nye strategien. Etterpå har fleire av dei kome med skriftlege innspel som no er lagde inn i forslaget som vert lagt fram til vedtak.
Les merStrategien manglar førebels ein visjon, men i fylgje sakspapira føreslår universitetsleiinga at strategien ikkje skal ha ein visjon.
Det spørsmålet skal diskuterast med styret i møtet, før det endelege vedtaket vert gjort. Det stadfesta rektor Svein Stølen overfor Uniforum tidlegare denne veka.
- Ein visjon er ikkje så viktig. Eg er opptatt av dei fire ambisjonane. Dei til saman viser retninga v�