Uniforum
21.10.2019
Omsetjaren Astri Ghosh har omsett 12 Ibsen-drama til hindi, hovudspråket i India. Nyleg viste ho fram arbeidet på UiO før ho drog vidare til bokmessa i Frankfurt.
Astri Ghosh er ein av omsetjarane Ibsen in Translation har engasjert for å få Ibsen-dramaene ut på flest mogleg språk i flest mogleg land i verda. Dei tolv Ibsen-stykka ho har omsett til hindi kom denne månaden ut i bokform. Fleire omsetjarar på prosjektet er i gang med å omsetja endå fleire Ibsen-drama frå norsk til farsi, moderne egyptisk, klassisk arabisk, spansk, russisk, japansk og kinesisk.
Les merEit møte i Bangladesh
For Astri Ghosh har dette arbeidet vore både interessant og spennande. Men det var eit møte med tidlegare leiar for Ibsensenteret og noverande HF-dekan Frode Helland i Bangladesh som førte til at ho begynte på dette maratonarbeidet.
- Ja, der møtte eg Frode Helland på ein Ibsen-konferanse. Og han spurte om eg ville bli med som omsetjar i prosjektet Ibsen in Translation. Prosjektet hadde allereie starta, men dei hadde enno ikkje fått tak i ein omsetjar i hindi. Då blei eg med. Byggmester Solness var allereie omsett, så eg omsette først «En folkefiende» og «Et dukkehjem», og så begynte me. Og sein