Fagbladet
01.07.2022
Ordførar Odd Jørgen Nilssen sa kommunen ville ta i mot mange ukrainske flyktningar, før han blei spurt. Sjølv har han fått blod frå krig i ansiktet.
- Eg visste eg ville ha kommunestyret med meg, seier den høgreiste ordføraren i den vesle øykommunen med 3500 innbyggarar. Den 24. februar vakna Odd Jørgen Nilssen til bilete av glupske flammar frå bomber, skyting og straumar av flyktningar. Alt dette er noko han har sett, kjent lukta av og hatt pipelyd i øyrene av.
Les merGjekk tydeleg ut
Nokre dagar etter at Putin sende hundre tusen soldatar over den ukrainske grensa, gjekk ordførar Nilsen ut i lokalavisa Romsdals Budstikke. Han gjorde det klart at kommunen hans skulle ta imot flyktningar. Om han fekk kommunestyret med seg på å ta imot 120 flyktningar, ville Aukra bli blant dei som tok i mot aller flest flyktningar per innbyggar i landet. Han gjorde det au klart at det skulle sikrast at sparepengane til kommunen ikkje var investert i noko som støtta opp om Putin-regimet.
Ni av ti flyktningar i arbeid
Etter at Nilssen fekk ordførarkjede rund nakken i 2019, har mi