Om kort tid skal minst ein femdel av studentane og endå lenger inn i framtida skal over halvparten av studentane dra på utveksling til ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Det er målet regjeringa har sett seg i Stortingsmeldinga om studentutveksling. Den blei presentert av Henrik Asheim på ein pressekonferanse i Kunnskapsdepartementet i dag.
I dag drar for mange av studentane frå Noreg til Australia, og for få til Tyskland. Samtidig kjem flesteparten av dei internasjonale studentane i Noreg frå Sverige, Syria, India, Nepal, Kina og Iran. Regjeringa vil gjerne senda fleire studentar frå Noreg til land som Japan, Sør-Korea og Brasil og dei vil også ha fleire studentar derifrå på utveksling i Noreg.
Vil ha tiltak retta mot både lærestadene og studentane
For å få det til vil regjeringa setja i verk tiltak retta mot både i