Khrono
02.07.2020
Tilfeldig utvikling eller evolusjon er ei svært usannsynleg forklaring på dei komplekse systema som opererer i celler i menneskekroppen. Det hevdar forskarane som har fått pengar for å utfordra Darwin.
Hausten 2019 fekk stiftinga BioCosmos 15 millionar kroner frå skipsreiar Einar Johan Rasmussen. Stiftinga skal jobba for å fremja såkalla intelligent design. Intelligent design er teorien om at visse eigenskapar ved universet, som grunnleggande trekk ved levande organismar, er resultat av ei intelligent årsak eller skaparkraft - ikkje ein ikkje-styrt prosess som til dømes evolusjon. Det er altså Charles Darwin sin evolusjonsteori som vert utfordra.
Les merIntelligent design-teorien er omstridd, og har mellom anna vorte kalla pseudovitskap av ei rekkje norske forskarar. Men no har Steinar Thorvaldsen,