Det har blitt vanleg at vi får ein telefon frå jobben som vi også brukar privat. Kor mykje av det arbeidstakarar gjer på telefonen kan leiinga finne ut av?
Og kva er det eigentleg sjefen har lov å sjå? Eirik Randsborg Lie er personvernombod i Fagforbundet, som har over 400.000 medlemmar. Lie har jobba med personvern og IT-sikkerheit over fleire år både i privat sektor og i organisasjonslivet.
- Kan finne ut nesten alt om deg
Det er vanleg at vi bruker jobbtelefonen til å surfe privat eller installere appar til fritidsbruk. Når vi får delt ut telefon, er det svært vanleg at arbeidsgjevar installerer ein app som gjer at dei kan ta styringa av mobilen.
Ein såkalla Mobile Device Manager (MDM) gjer at telefonen kan fjernstyrast og slettast om han kjem på avvege og har sensitiv informasjon.
Men denne appen gjer også at sjefen kan finne ut det aller meste om deg, fortel personvernombod Lie.
E-posten din?
- Har sjefen lov å sjekke e-posten på jobbtelefonen?
- I nokre tilfelle kan arbeidsgjevar gå inn å sjå i jobb-eposten. Dei kan sjå på e-posten i samband med kriminalitet eller tryggleik. Eller om du blir lagt inn på sjukehus og dei må lese e-posten din for å sikre drifta, seier Lie og understrekar:
- Dei kan ikkje gå inn og sjekke e-posten din om dei lurar på om du har sendt mange mailar til ein kollega. Eller om du har skrive noko stygt om leiinga.
- Når du seier tryggleik - kva ligg i det? For eksempel om ei be