AddToAny

- Fusjonar er problematiske, og kjem sjeldan dei tilsette «på golvet» til gode

- Fusjonar er problematiske, og kjem sjeldan dei tilsette «på golvet» til gode
- Fusjonane skjer fordi institutta må framstå som sterke på papiret, seier tidlegare tilsett ved Norce Mai Camilla Munkejord.
Forskingsselskapet Norce vart oppretta etter at fleire institutt frå ulike kantar av landet vart fusjonerte inn i eitt kjempestort konsern (sjå faktaboks).

- Fusjonane skjer fordi institutta må framstå som sterke på papiret i samband med EU-søknader og i konkurranse om dei store midlane, seier Mai Camilla Munkejord, som tidlegare var tilsett som forskar 1 ved Norce.

Ho meiner dette blir ei form for «papirorganisasjonar», som ikkje finst i røyndomen.

- I det verkelege livet er det framleis mange små institutt som sit på kvar si tuve rundt i landet og gjer så godt dei kan medan den administrative støtta svinn bort, seier Munkejord. Ho var tidlegare lokal tillitsvald for Forskerforbundet ved Norce, men jobbar no ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

- Må tene masse pengar til hærstaben

Munkejord seier forskingskonsernet har svært store krav til inntening.

- Eit konsern kostar masse pengar, med toppleiing, ei lang rekke konserndirektørar og ein sentraladministrasjon som alle skal ha høge inntekter. Denne ekstra lønnskostnaden må dei fagtilsette tene inn. Dermed aukar innteningspresset, noko som for eksempel blir «løyst» ved å skru timeprisane opp slik at forskarane må jobbe endå fortare. Du kjenner deg som ein fotsoldat som skal vere lydig, kjempe i frontlinja og tene masse pengar til hærstaben. Og gjer du ikkje det, kan stillinga di vere truga, meiner ho.

- Mykje frykt og uro

Munkejord valde å slutte, blant anna som ein konsekvens av fusjonsprosessen.

- Eg sette ikkje pris på å vere i en organisasjon med så mykje frykt og uro som gjerne kjenneteiknar ein organisasjon i omvelting. Fleire eg kjenner vart kalla inn til samtalar om mogleg oppseiing primært på grunn av dårleg inntening. Sjølv hadde eg god inntening og publiseringstal, men til liks med mange andre slutta eg frivillig.

Ho seier det verste med fusjonsprosessen i Norce for hennar del var det å ikkje lenger kjenne seg heime på arbeidsplassen.

- Fusjonen skapte mykje uro om kven vi skulle vere. Styringssignala var ambivalente. Skulle vi tenke kollektivt der alle støttar kvarandre, eller skulle vi kjempe mot kvarandre og berre passe på vår eiga inntening? Vi opplevde også at administrasjonen vart sentralisert, og i mindre grad enn før greidde å vere ei støttande part overfor forskarane.

- Vil stå best mogleg rusta

Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle i Norce skriv dette ei ein kommentar til Forskerforum:

- Det alltid synd når flinke folk vel å forlate oss. Vi har krav til inntening som alle andre forskingsinstitutt, og som ein stor organisasjon er det nødvendig med ei dyktig leiing og god støtte frå administrasjonen.

No skal Norce omorganiserast, og talet på direktørar vil omtrent bli halvert. Instituttet har slite med underskott, men ifølgje Støle er ikkje omorganiseringa gjort for å redusere kostnadene.

- Vi endrar organisasjonen for å stå best mogleg rusta til å vere ein forskingsinstitusjon som kan hevde seg blant dei beste både nasjonalt og internasjonalt, seier Støle.

Image-text:

Lokala til Norce i Bergen. Det verste med fusjonspressen var å ikkje lenger kjenne seg heime på arbeidsplassen, seier Mai Camilla Munkejord. Foto: Norce/HVL

Extra-info:

Fakta FAKTA OM NORCE

Forskningsinstituttet Norce vart stifta i 2017.

Blant institusjonane som er innlemma i Norce, er Uni Research AS, Norut, Christian Michelsen Research AS, International Research Institute of Stavanger AS, Agderforskning AS og Teknova AS.

Norce har verksemd i Oslo, Bergen, Stavanger, Tromsø, Haugesund, Kristiansand, Grimstad, Bodø, Bardu, Alta og Svalbard.

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt