Arrangøren Språkrådet hadde invitert både professor Mariel Aguilar-Støen frå Senter for utvikling og miljø på UiO, statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet, styreleiar i Universitets- og høgskulerådet, Sunniva Whittaker og områdedirektør for internasjonalisering og forskingssystemet Kristin Danielsen i Forskingsrådet til eit ordskifte om spørsmålet. Debattleiar var Espen Aas, som til dagleg er programleiar for Dagsnytt Atten i NRK.
- Me har ein challenge som er relativt big
Først etterlyste han eit klart svar frå statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel om kva det tyder å ta vare på og vedlikehalda det norske fagspråket.
- Norsk skal ikkje berre brukast, men også styrkjast som undervisnings- og forskingsspråk på alle fagområda, slo han fast.
- Er me der no? lurte Espen Aas på.
- Me har ein challenge som er relativt big, spøkte Løkensgard Hoel.
- Det har gått feil veg, relativt fort. Det viser granskingar som Diku, Språkrådet og ein del anna forskingsarbeidet som er gjort. Det er alvorstungt det som me må ta tak i no for å unngå at det skjer relativt raskt at det blir eit domenetap for norsk på eit område der språket har stått ganske sterkt, konstaterte han.
PISK: - No er me i gang med å sjå over katalogen om kva me har å rå med. Ynsket vårt er å koma lengst mogleg med tydeleg forventingsstyring, og det finst også insentivgulerøter. og det finst også noko på pisk, unde