Arkitektnytt
08.05.2020
Ved kaia i Longyearbyen flyt SvalBad med soveromsvindauge for panoramautsikt og blomsterpanel frå 1980-talet.
Kvar tysdag morgon, heile året, stiller LPO Arkitekters Svalbard-kontor på stranda. Dei riv av seg alle kleda og spring ut i det iskalde vatnet. I byrjinga av mars var ei gruppe arkitektstudentar med. No flyt ei ny badstue ved kaia litt lenger borte, det første konkrete prosjektet bygd av rivingsmaterialar frå skredutsette bygg i Longyearbyen.
Les mer- I miljøkrisa me står ovanfor, er det utruleg relevant å kunne ta i bruk gjenbruksmaterialar. Å måtte bruke dei verktya me får tildelt til å laga noko vakkert, er ei stor utfordring i formgjevingsprosessen. Det gjev ei avgrensing, men òg ei spanande utfordring som eg trur me arkitektar kan lære frå, seier masterstudent Amanda Sophie Holst ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).
Bygge i praksis
In balance-kurset ved AHO vart i fjor kopla på LPO Arkitekters sirkulærprosjekt Rett plass rett form, som Arkitektnytt skreiv om i februar.
- I desember snakka me om å bygge noko saman med studentane. Rivinga av dei første bustadene i Longyearbyen var allereie i gang, så me hadde stor tilgang på