AddToAny

Finn-Eirik Johansen: - Vil ha eit ambisiøst arbeidsmiljø for yngre forskarar, utan spisse olbogar

Finn-Eirik Johansen: - Vil ha eit ambisiøst arbeidsmiljø for yngre forskarar, utan spisse olbogar
- Generelt sett vil eg seia at vitskapleg tilsette ikkje blir høyrde nok i ting som har å gjera med korleis universitetet utviklar seg som organisasjon, seier biologiprofessor Finn Eirik Johansen.
Han er ein av dei seks kandidatane som dei vitskaplege tilsette kan stemma på i universitetsstyrevalet.

Universitetet i Oslo har akkurat begynt å vakna til liv både etter helga og etter koronarestriksjonane, då me møter biologiprofessor Finn-Eirik Johansen i foajeen i Georg Sverdrups hus. Førre onsdag blei det klart at den tidlegare forskingsdekanen og tidlegare direktøren for UiO: Livsvitskap er ein av dei seks kandidatane som tar mål av seg til å bli vald til ein av dei to plassane for dei faste vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

- For lite tydeleg

- Eg stiller sjølvsagt opp fordi eg ynskjer å representera dei vitskaplege tilsette i styret. Og eg har hatt ein del leiarfunksjonar på universitetet, vore i mange ulike komitear og utval. Eg har alltid syntest at stemma til dei vitskaplege tilsette har vore litt for lite tydeleg.Det er mange leiarar som kjem til orde, men dei vitskaplege tilsette gjer ikkje alltid det, konstaterer han.

Finn-Eirik Johansen trur ikkje dette blir tilfellet i Universitetsstyret.

- I styret er det litt annleis for der er det jo to representantar for dei faste vitskaplege tilsette i tillegg til representanten for dei mellombels vitskaplege og studentane. Generelt sett vil eg seia at vitskapleg tilsette ikkje blir høyrde nok i ting som har å gjera med korleis universitetet utviklar seg som organisasjon. Det er ei av hjartesakene mine, seier Finn Eirik Johansen til Uniforum.

- Me har fått ei profesjonalisering av leiing

Han ser ei utvikling der leiing er blitt noko anna enn før.

- Det er ikkje slik at dei vitskaplege berre skal bry seg om sitt eige fag, og så skal leiinga bestemma korleis universitet skal utvikla seg som organisasjon.Det er tendensar til at leiing no er blitt ei slags leiargruppe. Me ser det endå tydelegare på rektornivå no når Dag Rune Olsen går frå å vera rektor ved Universitetet i Bergen til å blir rektor ved Universitetet i Tromsø, medan Curt Rice går frå rektorstillinga ved OsloMet til å bli rektor ved NMBU. Slik har me fått ei profesjonalisering av leiiing i staden for å ha faglege leiarar som har stor faglegheit i

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt