Khrono
22.05.2020
Leiar av Stortingets utdanningskomite, Roy Steffensen (FrP) «tror ikke mange har ropt etter filosofer de siste to månedene» og vil prioritere helsearbeidarar. Ei kortslutning, svarar lege og etikkprofessor.
«Relevant arbeid» etter studia som nøkkel til finansiering og prioritering av fag i høgare utdanning. Det er eitt av krava i forslaget til endra finansieringsmodell for universitets- og høgskolesektoren som Framstegspartiet har foreslått - og no fått fleirtal for med støtte frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet.
Les merLeiar i Stortingets forskings- og utdanningskomite, Roy Steffensen, har forsvart forslaget med å vise til «arbeidslivets behov» og at skattebetalarane bør få noko igjen for pengane, så lenge utdanning er gratis i Noreg. På spørsmål frå Aftenposten om dette kan føre til at vi utdannar færre filosofar, statsvitarar og idéhistorikarar i Noreg, svarar Steffensen:
- Eg trur ikkje mange har ropt etter filosofar dei siste månadene. Ein har ropt etter helsearbeidarar, seier Steffensen.
Lege og professor i medisinsk etikk ved Universitetet i Bergen, Ole Frithjof Norheim, kallar påstandane ei kortslutning - det gir lite meining å setje behovet for helsearbeid