Uniforum
26.06.2020
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tok i dag det første spadetaket for utgravinga av vikingskipet på Gjellestad i Halden. Sist eit vikingskip blei grave ut, var for 100 år sidan.
- Det er ei stor ære for meg å starta denne kunnskapssikringa ved å gjera det aller første spadestikket, seier Sveinung Rotevatn i ei pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.
Les merDen 11.mai kom klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn sjølv med lekkasjen om at regjeringa ville løyva 15.6 millionar kroner til utgraving av restane etter Gjellestadskipet i Halden i revidert budsjett.
I dag tok han spaden i begge hender og spadde i gang utgravinga. Resten av jobben skal utførast av arkeologar frå Kulturhistorisk museum på Universitetet i Oslo i samarbeid med arkeologar frå Viken fylkeskommune.
1200 år gammal
Skipsgrava på Gjellestad i Halden er frå tida mellom år 700 og 900 e.Kr. Det viste årringsdatering frå kjølen til skipet. som først blei gjort kjent på ein pressekonferanse i Klima- og mijød