Uniforum
11.12.2019
UiO-rektor Svein Stølen og leiarar frå seks andre europeiske universitet har skrive under på at dei skal samarbeida om framtidas utdanningstilbod.
Det var Tøyen hovedgård som var ramma rundt underskriftsseremonien der sju europeiske universitetsleiarar var på plass måndag 9. desember. Alle deltar i det europeiske universitetssamarbeidet Circle U. No er samarbeidet også formelt i orden, etter at dei har fått i hamn ein såkalla «Memorandum of Understanding.»
Les merDet er rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo svært nøgd med.
- MoU tydeliggjer 7 sterke europeiske breiddeuniversitet sin vilje til å gå inn i ein allianse der dei til saman over 300 000 studentane våre er den primære målgruppa vår. Det handlar om saman å utvikla framtidas utdanningstilbod og om å vera med på å sikra og utvikla Europas fellesskap og kraft gjennom samarbeid og mobilitet