AddToAny

Europeisk universitetsleiar uroleg for brot på akademisk fridom

- Når det gjeld brot på akademisk fridom, er sjølvsagt det mest alvorlege det som skjer i Ungarn med presset mot Det europeiske universitetet og lagnaden for kjønnsstudiar. Det seier Jan Palmowski, generalsekretær i The Guild til Uniforum.
Akademisk ytringsfridom er i hardt vêr i Europa for tida. Det uroar Jan Palmowski som er generalsekretær i The Guild, den europeiske universitetsalliansen som også UiO er med i.

Uniforum fekk eit ekslusivt intervju med han då han for ei tid sidan var på eit kort Noregsbesøk. I det akademiske fyrtårnet Europa, står det ikkje lenger så bra til med den akademiske ytringsfridomen. Jan Palmowski trekkjer fram døme frå eit land som er kjent for sine stolte akademiske tradisjonar.

- Det er grunn til uro. Faktisk så finst det tilfelle av press på det akademiske miljøet i Frankrike. Nokre franske ministrar har uttalt seg kritisk om både fag og metodologiar ved franske lærestader. Og også i andre EU-land der du ikkje skulle tru at det fanst trugsmål mot akademisk fridom, finst det liknande tilfelle. Sjølvsagt er det mest alvorlege det som skjer i Ungarn med både presset mot Det europeiske universitetet og lagnaden for kjønnsstudiar. Dessutan er det også døme på at regjeringar har brukt den økonomiske makta si til å hindra overføringar til bestemte forskingsmiljø, berre basert på verdiar, konstaterer han.

- Har føreslått eit europeisk ombod for akademisk fridom

- Er det noko universitetsalliansen The Guild kan gjera for å hjelpa dei universiteta som blir utsette for dette?

- Det viktigaste me gjer er å involvera oss sterkt i EU. Der kan me skapa merksemd rundt akademisk fridom på ulike nivå. For oss er det viktig å understreka at alt me gjer innanfor utdanning og forsking, er grunnlagt på verdiar. EU har i internasjonale relasjonar også lagt vekt på kor viktig den akademiske fridomen er som grunnlag for

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt