Khrono
22.11.2020
Er det slik at om ein berre lét næringslivet få bestemme meir over utdanninga, så blir kvaliteten betre?
Den siste tida har arbeidsrelevans brått blitt ein slags trylleformel for betre utdanning. Høgare utdanning må legge meir vekt på forhold som er arbeidsrelevante, er kravet. Mange slagord blir tatt i bruk i tru på at berre næringslivet får bestemme meir over utdanninga, blir kreativiteten og kvaliteten betre både i arbeidslivet og i utdanningane.
Les merSjølvsagt må utdanningar som er retta mot spesifikke yrke vere tilpassa dei aktuelle yrka. Praksis og trening må vere og er ein del av slike utdanningar. Det er så innlysande at det verken trengst intensjonsavtalar eller ei eiga stortingsmelding om arbeidsrelevans. Derimot er dei ei politisk oppgåve å sikre at institusjonane har økonomiske ressursar til å sikre både omfang og kvalitet i praksisdelen. Der manglar ein god del.
Regjeringa har invitert partane i arbeidslivet til ein «intensjonsavtale om arbeidsrelevans» i høgare utdanning. Universitets- og høgskulerådet