Fridstrøm spenner i sin kronikk på Forskersonen opp ei ramme der bilen fyrst og fremst blir målt opp mot andre transportmiddel, og det kringliggande samfunnet berre eksisterer som ein marginal storleik. Vidare viser han ein manglande vilje til å reflektere over korleis teknologi er med på å forme samfunnet. Bilen er ikkje berre eit framkomstmiddel blant fleire, den er også ein samfunnsformande teknologi. Fridstrøm sin kronikk manglar denne erkjenninga og dermed reduserer han berekraftig omstilling til eit spørsmål om å satse på den rette teknologien. Då forsvinn også spørsmålet om kva for eit berekraftig samfunn ein skal omstille seg til.
Bilisme endrar samfunnet
La oss gjere unna klimaargumentet fyrst. Ja, elbilar har lågare CO2-avtrykk i drift enn fossilbilar, men at dei tilbyr «tilnærmet utslippsfri persontrafikk» er i beste fall ei halvsanning. Med elbilen forsvinn det meste av lokale utslepp, mens produksjonsrelaterte utslepp er betydeleg større enn for ein fossildriven bil. I tillegg til desse utsleppa er elbilen også ei kjelde til store mengder mikroplast og er vidare assosiert med uetisk mineralutvinning i utviklingsland. Eit smalt fokus på CO2 er med andre ord ikkje i nærleiken av å adressere utfordri