Uniforum
13.09.2019
Uniforum vil ha eit best mogleg grunnlag for å kunna fortelja lesarane våre kva som skjer på møta i universitetsstyret. Derfor er det viktig at så mange som mogleg av sakene blir handsama på opne møte, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Denne veka hadde universitetsstyret ved UiO møte med handsaming av ein del viktige diskusjonssaker. Opphavleg stod alle sakene under tittelen "Saker til behandling i lukket møte", det gjaldt også den viktigaste saka for oss pressefolk, "Praksis rundt foreldrepermisjon for ansatte i forskerstillinger". Etter at me tok kontakt med UiO dagen før møtet starta, fekk me beskjed om at det var ein feil, og difor blei den delen av møtet ope.
Les merDet gjaldt derimot ikkje for dei andre diskusjonssakene som handla om innovasjon, arbeidsrelevans og status for innovasjonsarbeidet ved UiO. Derfor fekk heller ingen journalistar vera til