AddToAny

Ein vitskapsby skal trekkja verdas beste forskarar til Stockholm

Ein vitskapsby skal trekkja verdas beste forskarar til Stockholm
Stockholm vil lokka til seg verdas beste forskarar i molekylær biovitskap og livsvitskap.
- Hagastaden skal bli ein forskingsbydel der folk ikkje berre arbeider, men der dei også bur, trenar og brukar kulturtilboda, fortel Ylva Williams i stiftinga Vetenskapsstaden Stockholm.

HAGASTADEN: Dette er Hagastaden på grensa mellom kommunane Stockholm og Solna. Bydelen er i ferd me å bli utvikla til ein vitskapsby som skal lokka verdas fremste forskarar til Sveriges hovudstad.

Foto: Ola Sæther

Stockholm

I Hagastaden på grensa mellom Stockholm og Solna held to kommunar og eit landsting på å utvikla ein ny bydel, ein vitskapsby. I denne bydelen ligg både Karolinska Institutet og Karolinska sjukhuset frå før. I 2010 blei forskingssenteret Science for Life Laboratory (SciLifeLab) etablert. Fram til 2025 er det planar om å etablera 50 000 arbeidsplassar og 6000 nye husvære i bydelen. Hagastaden kan tena som modell for Kunnskapsbyen Oslo. I fjor haust var ein representant frå Stockholm i Oslo for å fortelja om desse planane.

Forskingsinstitusjonar og kommunar samarbeider

Og planlegginga blir koordinert frå 12.etasje i eit kontorbygg midt i Hagastaden. Der sit administrerande direktør Ylva Williams i Vetenskapsstaden Stockholm (Stockholm Science City). Saman med dei åtte medarbeidarane sine har ho lagt fram visjonære planar for korleis Stockholm kan bli ein attraktiv by for verdas aller beste forskarar. I ryggen har ho Stockholm kommune, Solna kommune og Stockholm läns landsting som saman står bak stiftinga Vetenskapsstaden Stockholm. Fire universitet er også med. Ho er svært nøgd med det dei har klart å få til så langt.

GODT UTSYN: Midt i Hagastaden sit Ylva Williams og medarbeidarane hennar i denne høgblokka og legg vidare planar for vitskapsbyen i Stockholm. (Foto: Ola Sæther)

- Målet vårt er at Hagastaden skal bli ein forskingsbydel der folk ikkje berre arbeider, men der dei også bur, trenar og brukar kulturtilboda. Derfor er det bra at me allereie om kort tid vil ha klar 6000 nye husvære, 3000 i Stockholm og 3000 i Solna. Og etter kvart som det blir ledige bygningar i området, passar me på at det kjem inn aktørar som vil driva forsking eller vil driva selskap grunnlagde på forskinga som går føre seg i bydelen, seier ei engasjert Ylva Williams til Uniforum.

Sk

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt