Derfor er det på sin plass med ein hyllest til utrykkingspolitiet, UP, som er det mest effektive middelet vi har mot skadeleg høg fart i trafikken. UP reddar rett og slett liv.
Høg fart i trafikken kan ta liv. Likevel er det trusselen om å bli tatt i fartskontroll som best hindrar meg i å køyre for fort.
Sjølv om eg liker fart, er eg altså ikkje interessert i at det skal bli færre fartskontrollar på norske vegar. Eg forstår nemleg den store verdien av desse. Derfor vart eg bekymra då det i fjor haust vart meldt i Politiforum at Jøran Kallmyr, inntil nyleg justisminister frå FrP, hadde ønskt å få utgreidd ei omorganisering av politiets trafikksikkerheitsarbeid, også UP. UP-sjefen og UP-tilsette uttrykte uro for at dette skulle føre til at UP som særorgan i politiet vart nedlagt og at ressursane kom til å bli spreidde på politidistrikta. Seinare kom det ein kontr