Samtidig viser ei fersk undersøking gjennomført av Respons Analyse for organisasjonen Av-og-til, at nærmere 20 prosent har opplevd uønskte seksuelle tilnærmingar eller kommentarar frå rusa kollegaar. Generalsekretær Randi Hagen Eriksrud meiner arbeidsgivarar må å ta grep.
- Vi veit at alkohol utløyser ein risiko for at tilsette blir utsette for hendingar som er uheldige og i verste fall ulovlege, sånn som seksuell trakassering. Vi meiner arbeidsgivarar har eit ansvar for å redusere alkoholbruken. Det kan dei gjere ved å ta bort alt som heiter fri bar og ha tydelege reglar for alkoholbruk på jobbarrangement, seier ho til Magasinet for fagorganiserte.
p
Fylla har skylda
Omtrent 20 prosent meiner også at folk drikk for mykje alkohol på juleborda, ifølge undersøkinga.
- Eg trur metoo har bidratt til bevisstheit rundt alkoholen sine negative effektar, og at fleire ønsker ei endrin