Han meiner at studentar ikkje skal sitja i leiargruppa ved universitetet. Det same meiner Dag Rune Olsen, som er rektor ved Universitetet i Bergen. Men fleire andre av utdanningsinstitusjonane har studentar med i leiargruppene sine, som er sett saman av rektorat, dekanar og nokre direktørar. Dette fora har inga formell makt, men er rådgivande.
- Studentane er ein av dei aller viktigaste interessentane våre, og eg ønskjer eit tett og godt samarbeid, sa Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Han inviterte studentane med inn då han vart rektor i fjor sommar.
I helga har debatten gått på Twitter. Andreas Trohjell, som leiar studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, og som frå i sommar skal leia Norsk studentorganisasjon (NSO), var kjapt ute. Han spurte