Den 1. juni skal Danmark i ei folkerøysting avgjera om landet framleis skal halda seg utanfort forsvarssamarbeidet i EU. Samtidig er dei to EU-landa og nordiske naboane Sverige og Finland på veg inn i Nato, skremde av Russlands invasjon av Ukraina den 24. februar i år. Kan EU midt opp dette også bli ein viktig tryggingspolitisk aktør og ikkje berre ei økonomisk stormakt? Det var mellom problemstillingane som blei tatt opp på eit møte i regi av Partnarforum ved UiO og BI på Det juridiske fakultetet måndag denne veka.
Statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet drog i innlegget sitt fram EUs eigen omtale av den tryggingspolitiske utviklinga.
- EU-president Ursula van der Leyen sa at den russiske invasjonen av Ukraina førte til at EUs tryggingspolitikk gjorde større framsteg på tre dagar enn dei 20 åra før, registrerte han.
Eivind Vad Petersson kom også med eit sterkt forsvar for EØS-avtalen:
- EU har rett til å leggja straffetoll mot land utanfor EU, men det gjeld ikkje for Noreg og dei andre EØS-landa. Eit slikt unntak gjorde ikkje EU for Sveits. Og EØS-avtalen vil truleg også få tryggingspolitiske konsekvensar, trudde Eivind Vad Petersson.
- Har gitt full støtte til Ukrainas naboland
Så kom han tilbake til Russlands invasjon av Ukraina og konsekvensane den har fått for EU.
- Om bileta frå Ukraina hadde vore i svart-kvitt, hadde denne krigen sett ut som scener frå Den andre verdskrigen på 1940-talet. Krigen har ført til Europas største flyktningkrise sidan 2. verdskrigen. I denne situasjonen har EU gitt full støtte til nabolanda som har tatt imot flyktningar. EU har koordinert våpenhjelp til Ukraina til ein verdi på over 2,4 milliardar euro. EU har sidan krigen starta o