forsker, Vestlandsforsking
Allemannsretten er ein rett vi set høgt her til lands. Men det mange ikkje veit, er at retten inneber plikter. Går du langs ein sti, skal du ta omsyn til det som gror og lever rundt deg. I tillegg skal du passe deg for å vere til ulempe for dei som eig eller brukar utmarka. Utmarka er ein tumleplass du kan bruke heilt gratis, men ein billett må du løyse: eit løfte om aktsemd. Går du med på dette vilkåret, står du fritt til å ferdast overalt i utmarka til fots og dessutan på sti eller veg under tregrensa om du brukar sykkel.
Men kva er utmark? Jo, grovt sagt alt som ikkje er gardstun, dyrka mark eller plantefelt. I paragraf etter paragraf i Friluftslova vert du minna på at retten du får, kjem på vilkår av at du ikkje skadar naturen, grunneigaren sine interesser eller hindrar andre i å drive friluftsliv.
Grensene kan vere vanskelege å få auge på, men dei finst: Dersom du vert klar over at det føregår jakt i det området du skal ferdast i, bør du velje eit anna område den dagen. Dersom sjeldne fuglar blir forstyrra i hekkinga eller ein gardbrukar finn ein sau som er påkøyrd, er ei grense overskriden. Konsekvensen av overtramp kan bli at kommunen, i samråd med