Av landarealet i Noreg ligg om lag 42 prosent over skoggrensa. Høgde for skoggrensa varierer mykje og kan nå opp mot 1200 meter over havet i sentrale fjellstrok. Herifrå søkk grensa mot kyst og mot nord. Heier med ris og lavartar dominerer, og store myrareal kan opptre i lågare delar. Langs bekkar, elver og i lisider med vassig er frodig vegetasjon med vierkratt vanleg i innlandet. I bratte fjell på Vestlandet og nordover er det skredmarker med bregner.
Der snøen ligg lenge, utviklast snøleie med småvaksne gras, urter og den vesle vieren musøre. Snøleie utgjer 25 prosent av fjellarealet i snørike Hordaland, medan Hedmark har berre 3 prosent.
Høgt i fjellet blir livsvilkåra harde og vegetasjonen tek etter kvart slutt. I fjellstrok med harde bergartar, er det ofte lite jorddekke og dermed liten plantevokster.
Både sau og storfe kan finne mykje beite i snaufjellet. Kaldare vêrlag og meir streifing for å finne beste beitet gjer at meir av fôret går til «vedlikehald». Der dyra kan trekkje ned i fjellskogen i dårleg ver, er dette gunstig. Høgtliggande areal og snøleie vil ha låg planteproduksjon.
For sauen, som ikkje treng så stor fôrmengde, er snøleia særleg viktige da dyra her får tilgang til nygroe utover seinsommar og haust. For storfe blir fôrmengda her for lita.
Bratt terreng avgrensar beitebruken i langt større grad for storfe enn for sau. Dyr likar å streife og kan bli gåande høgt i godversperiodar for å sleppe unna insekt. For reindrifta er snaufjellet viktigaste driftsareala.
(Foto: Yngve Rekdal)
2. Fjell