Uniforum
20.06.2019
- Eg elskar å leva og elskar alt det som lever. Slik forklarer 14 år gamle Penelope Lea miljøengasjementet sitt. I dag heldt ho hovudtalen då grunnsteinen for Klimahuset på Tøyen blei lagt ned.
Toppleiarar frå både Universitetet i Oslo, Oslo kommune og investor Jens Ulltveit-Moe var alle på plass, då grunnsteinen for Klimahuset ved Naturhistorisk museum på Tøyen skulle leggjast ned i ettermiddag. Det var likevel 14 år gamle Penelope Lea som fekk mest merksemd.
Les mer- Følte meg åleine
Ho var invitert som hovudtalar, opphavleg saman med tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, men fordi sistnemnte måtte melda fråfall, ble Penolope Leas tale også hovudtalen under seremonien.
- Då eg starta som miljøaktivist som åtteåring følte eg meg åleine. No kjempar både gamle og unge for klimaet. Oppfordringa mi er at alle må gjera det, sjølv om dei fryktar å bli sett i ein bestemt politisk bås, Me må gi slepp på miljøfarlege handlingar. D