Uniforum
15.02.2019
Energidrikk før eksamen, gjenoppliving av mammutar, tørråte i poteter og ei genbok. Det var tema elevar ved Ris skole hadde laga oppgåver om i livsvitskap og bioteknologi under lanseringa av det som kan bli framtidas skulefag.
Ungdomsskuleelevar ved Ris skole i Oslo har vore pilotar for å prøva ut den nye faget i livsvitskap og bioteknologi. Dei har brukt eit eige digitalt univers om bioteknologi og livsvitskap utvikla av selskapet Creaza. Både Bioteknologirådet, Oslo kommune og UiO: Livsvitskap håpar faget blir eitt av nye fag som kjem gjennom nålauga når den nye læreplanen "Fagfornyinga" vert klar til hausten.
Les mer- Fekk første mobil som 35-åring
Derfor var både leiar for Bioteknologirådet, Kristin Halvorsen og direktøren for UiO: Livsvitskap, Carl Henrik Gôrbitz til stades då dei fire elevgruppene presenterte oppgåvene dei hadde utført.
- Eg var 35 år første gong eg fekk ein mobiltelefon. Det spennande med teknologi er at me stadig kan læra nye ting. Me må løysa problemet med antibiotikaresistens og utfordringane som klimaendringane har skapt for miljøet. Det er de som må løysa desse problema, sa Carl Henrik Gørbitz, før dei fire elevgruppene fekk visa kva dei hadde lært som pilotar i faget livsvitskap og bioteknologi.