Uniforum
21.10.2021
Det ville vore fint om i det minste våre akademikarar greier argumentere sakleg utan bruk av brunskvetting. Skulle ikkje i staden vi vere dei som viste samfunnet kva sakleg drøfting er?
Det finst gode argument både for og mot internasjonalisering i akademia. Forskingsmiljøa er sjølvsagt avhengige av internasjonale nettverk og kompetanse. Det må likevel vere lov å hevde at det finst problematiske sider. Vitskapleg tilsette på universiteta har alltid vore ein slags nasjonal elite. Dei har eit samfunnsoppdrag. Det verkar logisk at mange av dei difor bør vere knytt til det norske samfunnet gjennom språk, kultur, historie, interesser og rett og slett ha kunnskap om det samfunnet dei skal arbeide i.
Les merKvar går så grensene mellom internasjonalisering og dette samfunnsoppdraget? For ein stad må dei gå. Men enda viktigare, syner det seg, korleis ønskjer vi å ha denne debatten?
Samfunnsdebattant og jurist Cecilie Hellestveit problematiserer i Khrono (24/9) at «flere og flere akademiske stillinger går til utenlandske forskere». Hun utalar at «Noen fagfelt er nå så dominert av utenlandske forskere at det nesten ikke er flere nordmenn igjen blant de ansatte. Altså, hva er poenget med forskning som ikke først og frems