Uniforum
27.11.2020
Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen siktar seg inn mot å bli ny administrerande direktør for Noregs forskingsråd. Han er ein av dei 16 som hadde søkt jobben då fristen gjekk ut den 23. november.
Tidlegare i haust blei det klart at John-Arne Røttingen ville gå av som administrerande direktør for Forskingsrådet etter at regjeringa hadde tilsett han i ein jobb som ambassadør for global helse. Den ledige stillinga blei lyst ut kort tid seinare med søknadsfrist 23. november.
Les merNo er søkja