Hovudkrava handlar blant anna om pensjon, forsikringar, godtgjeringar, fødselspermisjon og lønnssystemet. Ifølge fagforeininga har ikkje Ryanair komme dei i møte på nokre av krava.
Fagforeininga meiner leiinga manglar forståing for korleis ein samarbeidar med fagforeiningar og at Ryanair manglar vanlege standardavtaler.
Anerkjenner ikkje
Ryanair anerkjenner ikkje streiken, ifølge ei pressemelding der dei peikar på at berre halvparten av pilotane er medlem i fagforeininga. Dei meiner også den kjem for tett på brexit og vil føre til unødvendig forstyrring av kundane sine reiseplaner.
- Vi har ikkje fått noko formelt tilbod frå Ryanair og det er avgjerande at vi løysar denne konflikten raskt for å unngå streik. Ingen pilotar ønsker å øydelegge folk sine reiseplaner, men akkurat no ser det ikkje ut som vi har eit val, seier generalsekretær Brian Strutton i BALPA.
Fredag blir det klart om også irske pilotar i Irish Air Line Pilots Association (IALPA) går ut i streik etter manglande framgang i lønnsforhandlingar.
Frå før er det klart at portugisiske kabintilsette i Ryanair streikar fem dagar i august fordi Ryanair ikkje vil rette seg etter avtaler med fagforeininga.
Varslar oppseiingar
I førre veke varsla Ryanair-sjef Michael O'Leary oppseiingar på grunn av dårlege resultat, forseinking i levering av fly og bekymring for brexit utan avtale. Ifølge selskapet, er 1500 pilotar og kabintilsette overtallige.
Kjelder i fagforeiningane meiner derimot åtvaringa er ein trugsel mot pilotar som no bestemmer seg for om dei skal streike eller ikkje.
Ryanair-tilsette gjennomførte ei rekke streikar førre år og ein streikesommar utan like, etter at selskapet i slutten av 2017 anerkjente fagforeiningar som forhandlingsmotpart.