Hausten 2018 byrja han på studiet i praktisk pedagogikk (PPU) ved Universitetet i Bergen (UiB). Våren før hadde han levert masteroppgåva si i historie, ei oppgåve som skapte merksemd: Høisæther analyserte ni ulike lærebøker, og fann at europearane vart framstilte som meir barbariske enn det arabarane vart.
«Etter å ha lest gjennom lærebøkene kan det virke som vestlig historie er åpen for fremheving av problematiske historiske hendelser, kritikk og fordømmelse, men slike fremhevinger av problematiske hendelser, kritikk og fordømmelse ikke opptrer i den delen av boken som omhandler den islamske verdens historie,» skreiv han, ifølgje Vårt Land.
Det vart noko debatt i Vårt Land, og Høisæther vart òg intervjua av vekeavisa Dag og Tid.
I tillegg vart han i januar 2019 kontakta av nettavisa Resett. Resett plasserer seg tydeleg på ytterste høgresida politisk. Høisæther skreiv eit samandrag av si eiga masteroppgåve, og vart i tillegg intervjua av nettstaden.
Dette vart brukt mot han då han etter nokre månader på studiet fekk ei skikkamelding mot seg.
Høisæther har seinare bede Resett om å fjerne namnet hans frå avisa.
Samarbeidsproblem
- Å lata seg intervjua av Resett viser svært dårleg dømmekraft, heiter det i ei melding frå ein tilsett, som kom inn i samband med ei tvilsmelding mot Høisæther våren 2019. Då hadde det allereie vore samtalar med studenten hausten 2018, mellom anna knytt til samarbeidsproblem med dei andre studentane i gruppa.
- Det var eit møte etter første praksisperiode, stadfestar Høisæther til Khrono.
Denne praksisperioden fekk han godkjent.
Våren 2019 kom det òg inn ei tvilsmelding frå ein medstudent. Der vert det peika på dårleg samarbeid, og det vert sagt at Høisæther hadde «ekstreme synspunkt på innvandring og framande kulturar».
Sjølv motset han seg dette. Men han peikar på samarbeidsproblem med dei andre på gruppa.
- Eg fekk ein e-post frå ein medstudent der det stod «Dø Kristoffer». Eg varsla Universitetet i Bergen om dette, men dei gjorde ikkje noko meir med det, seier Høisæther.
Han fortel at det eksisterte ei Facebook-side som var drifta av dei tillitsvalde student