Uniforum
14.02.2020
Strategi 2030 er vedtatt med overskrifta «Kunnskap-ansvar-engasjement. For ei berekraftig verd.» Det bestemte eit samrøystes universitetsstyre i dag.
Det blei mest debatt om Strategi 2030 skulle vera med eller utan ei overskrift då strategien kom opp til den endelege handsaminga i universitetsstyret ved UiO i dag.
Les merYnskte overskrift
Etter ei rask innleiing blei det klart for rektor Svein Stølen at fleirtalet av styret gjerne ville ha ei overskrift. Då stod det mellom «Kunnskap. Evne. Vilje. For en bærekraftig verden» og «Kunnskap. Ansvar. Vilje. For en berekraftig verden».
Kristian Bjørkdahl, som er representant for dei mellombels vitskaplege tilsette, fekk ganske snart fleirtalet i styret med seg på at «vilje» er negativt lada.
- For meg gir det assosiasjonar til Leni Riefenstahls propagandafilm «Viljens triumf» frå Den andre verdskrigen. Det gir meg frysningar