AddToAny

200 år sidan munken som «redda» Darwin ble fødd

I år er det 200 år sidan genetikkens far, Gregor Johann Mendel blei fødd. Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth har tatt initiativet til ei markering.
Munken Gregor Johann Mendel (1822- 1884) begynte å forska på erteplantar for å sjå korleis nye erteblomstar kunne få ulike eigenskapar frå dei plantane dei ætta frå.

I klosteret han heldt til i Brno i dagens Tsjekkia, påviste han at dei erteblomstane som hadde dei mest dominerande eigenskapane også ville gi det vidare til neste generasjon plantar, medan dei som hadde mindre dominerande eigenskapar, ville gi færre avkom med desse eigenskapane vidare til den neste i arverekkja.

Høge plantar avla berre høge, medan låge plantar berre avla låge. Slik la den katolske munken og assistentlæraren frå Brno grunnlaget for genetikken.

Inspirert av Darwin Day på UiO

I år er det 200 år sidan han blei fødd, og det blir markert over heile verda. På Universitetet i Oslo har biologiprofessor Nils Chr. Stenseth tatt initiativet til eit halvdagsarrangement om Gregor Johann Mendel på Kumlegaarden i Drøbak.

Då blir det mellom anna eit foredrag med ein annan munk, fader Jan Emil Biernat frå den katolske augustinarordenen som også Gregor Johann Mendel tilhøyrde.

- Det var etter at me hadde arrangert ein Darwin Day på UiO, eg blei kontakta av representantar frå komiteen for Mendel-jubileet i Brno som hadde deltatt på arrangementet, og dei spurte om eg kunne få til noko liknande som ein Mendel Day eller Mendel-festival. Eg har

Les mer

Flere saker fra forskning.no

Kjente og kjære hageplanter kan skape trøbbel på sikt. Mange tenker nok på lupinen når de hører ordet fremmedart. Lupinene kom til Norge som en vakker ...
forskning.no 28.09.2023
Amerikanske forskere har kartlagt på hvilke tidspunkt eiere til omplasserte hunder kan forvente at adferdsproblemene går over, og når de kan forventes ...
forskning.no 28.09.2023
- Bare det å si at ME ikke kan helbredes, gjør at pasientene blir usikre, stresset eller redde, og de mister naturlig nok håpet. Dette gir dårligere ...
forskning.no 28.09.2023
Havets dyp er like ubegripelig som universet. Det beviser nok en gang vinneren av Oceanopgraphic Magazines Ocean Photographer of the Year 2023. Se ...
forskning.no 28.09.2023
Etter mange års arbeid mener en forskergruppe å vise hvordan antimaterie påvirkes av tyngdekraften.
forskning.no 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt