AddToAny

10 000 år med norsk historie - godt og balansert og godt skriven

Ei velbalansert noregshistorie som viser fram historias usikkerheit på kløktig vis.
«Historia kunne lett ha teke andre vegar», skriv forfattarane i opningskapittelet, og poengterer det i bokas avslutning: «Når denne boka går i trykken i februar 2021, kjenner me enno ikkje omfanget av dei mange verknadene denne store krisa vil få, og når ho vil ta slutt.» Mellom desse to setningane finne me ei breitt utforma nasjonalhistorie.

Dei fire forfattarane frå Vestlandet og Agder måler den kanoniserte realhistoria - dei historiene om Noreg som fleire av oss kjenner - mot ulike metodar innanfor historievitskapen, tolkingar av fleire historikarar og innimellom kontrafaktiske forklaringar. Boka er fleirstemd, men fell ikkje frå kvarandre. Ho er ei samla framstilling av 10 000 år med «norsk» historie, godt balansert og godt skriven, og sjølv om boka har eit lærebokpreg med tilhøyrande fordjupingsoppgåver etter kvart kapittel, passar ho for ålmenta.

Eit tilbakevendande grep boka gjer nytte av, er å ta hevdvunne vendingar for så å sette dei i spel. Etter å ha starta forteljinga om svartedauden med setninga «I 1349 seig det eit skip inn på Vågen i Bergen», skundar teksten seg å leggje til at det hadde vore utbrot av smitta i både Oslo og Hamar året før. Dernest vert pesten brukt til å vise usemje i den historiske oppfatninga av sjukdommen, nemner moderne DNA-analysar av Yersinia pestis-bakterien, og viser korleis Noreg låg bak når det gjaldt folketeljing. Forfattarane ekstrapolerer ut eit sannsynleg folketal på 500 000 før svartedauden, mens det eit halvanna hundreår seinare berre var 180 000 i skattelistene. Me kan lese om stadig nye bølger med pestar i tiåra etter svartedauden - og om jamlege pestutbrot til innpå 1600-talet. Det er spanande og opplysande å lese om korleis etterverknadane av den langvarige krisa på mange vis råka jordeigarane meir enn dei overlevande leiglendingane (når det vart færre som ville leige jord, fall prisane). Dette omstendelege referatet får stå som eit døme på korleis boka får maksimalt ut av ei velkjend soge. Ei anna slik soge er «oljeeventyret», der boka nokre gonger omtalar eventyret som fakta (økonomisk suksess) og andre gonger nett som skrøne (eit effektivt hinder for å nå klimamål).

Forfattarane gjer òg god greie for ulike røyster i historieforteljinga, heilt fram til vår eiga tid. Eit døme på dette er korleis ulike historikarar har vurdert samanhengen mellom innvandringspolitikk og det offentlege ordskiftet. «[Finn Olstad] meiner at ein liberal innvandringspolitikk har festa seg som eit ideologisk hegemoni, og kvelt spirane til ein kritisk debatt. [Knut Kjeldstadli og Grete Brochmann] meiner tvert om at den offentlege samtalen og opinionen sidan 1980-åra har vore meir kritisk og oppteken av dei problema som inntak av ulike folkegrupper har skapt for Noreg. På den andre sida hevda ikkje Olstad, som Terje Tvedt har gjort, at multikulturalisme har sletta ut norsk nasjonalisme og identiteten knytt til å vere norsk.»

Sjølv likar eg skrivemåten i boka særs godt: Han gir på same tid fleire perspektiv på historia, synleggjer at historia er ein materie i bevegelse og ikkje skriven i stein. Boka er fint balansert mellom tradisjonell nasjonalhistorieforteljing og -refleksjon, mellom stolt framstilling og sviande nedsabling av nasjonalromantiske førestillingar. Boka avsluttar med tenkjestykket «Noreg - eit 'annleisland'?», som destillerer desse motsetningane.

Image-text:

Etter å ha starta forteljinga om svartedauden med setninga «I 1349 seig det eit skip inn på Vågen i Bergen», skundar teksten seg å leggje til at det hadde vore utbrot av smitta i både Oslo og Hamar året før. Mange forlatte garder, som desse eit sted på kysten, forfalt etter Svartedauden. Frå Theodor Kittelsens bok «Svartedauen» fra 1901.

Extra-info:

Fakta Dag Hundstad (red.), Svein Ivar Angell, Knut Dørum og John Ragnar Myking Kvifor vart det slik? Norsk historie gjennom 10 000 år Cappelen Damm Akademisk, 2021 432 sider Veil. pris: kr 629

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi får en kompetent statsråd som kjenner sektoren veldig godt, og som er klar til å sette i gang fra dag én. Og så er det gøy med en forsker som forskningsminister.
Forskerforum 26.02.2024
Instituttbestyreren var en trivelig kar i de gode gamle dager. En som støttet medarbeiderne når det trengtes, og fordelte det som var av midler, rettferdig og klokt. Som en trygg far i huset.
Forskerforum 26.02.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 26.02.2024
Kor langt inn på norsk side strekk grensehandelen med Sverige seg? Butikkdata frå NorgesGruppen gjev nokre svar.
Forskerforum 26.02.2024
Forskerforbundet har over 280 store og små lokallag, og et av de mindre finner vi i administrasjonen på Stortinget. Der har Forskerforbundet manglet en egen tariffavtale. Men nå er avtalen i boks.
Forskerforum 26.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt