- Kva slags byplansjef er du? Og kva meiner du din bakgrunn som arkitekt vil ha å seia for dei neste seks åra?
- Dette er ein jobb som er sterkt relatert til det å vera arkitekt. Eg blei faktisk spurt på intervjuet om eg hadde synspunkt på kva yrkesbakgrunn eller kva slags utdanning ein burde ha med seg i bagasjen inn i denne jobben. Eg var veldig tydeleg på at eg meiner at det er ein styrke å ha ein arkitekt.
- Kvifor det?
- Det er noko med det allsidige i utdanninga vår, trur eg. For den er faktisk allsidig. Den har ein innfallsvinkel både på dette med planlegging, men også det med å kunna forstå volum, utforming, materialbruk, tekstur, heile pakka. Også dette tilsnittet til landskapselement, forklarer Kielland.
Den nytenkjande arkitekten
Arkitektbakgrunnen er altså ein kla