AddToAny

«Pausebudsjett» for musea

Kulturbudsjettet innheld ingen nye satsingar for musea, men det er straumutgiftene som er den store hovudverken for sektoren.
- Det som vil bli avgjerande, er korleis detaljane i straumstøtteordninga blir. Elles må vel dette kunne kallast eit pausebudsjett, seier Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges Museumsforbund.

Framlegget til statsbudsjett er ved første augnekast som forventa for museumssektoren, det vil seie at medan eksisterande satsingar i stor grad blir vidareført, er det ikkje funne rom til nye. Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen har då også gjeve tydelege signal om eit stramt kulturbudsjett i forkant.

Ei av dei største overraskingane er at departementet foreslår å kutte ut tilskota til Astrup Fearnley-museet og museet i Kistefos. Men for museumssektoren under eitt, er det dei auka utgiftene til straum og drivstoff som er den største utfordringa.

Uvisse om straumpakke

I midten av september presenterte næringsminister Jan Christian Vestre ei straumpakke til næringslivet, der han gjorde det klart at også musea skulle falle innanfor ordninga. Det er Ramskjær nøgd med, men samtidig er det noko usikkert kor godt pakken vil slå ut for musea. Ho peikar på at mange museum har freda og verna bygg som treng spesielle og kostnadskrevjande energisparingstiltak. Museumsforbundet håpa på fleire detaljar rundt innretninga på straumstøtteordninga i samband med statsbudsjettet, men det er framleis på vent.

- Forbundet har tidlegare understreka til politisk leiing i Kulturdepartementet at det trengst akutthjelp for å handtere situasjonen og at midlar til grøn omstilling også er viktig, seier Ramskjær til Forskerforum.

Straumpakka inneheld både tilskot til straumutgifter og til enøk-tiltak, men desse fungerer som ei overgangsordning i siste kvartal av 2022, før det er meininga at nye fastprisavtalar skal ta over som viktigaste straumprisreduserande tiltak frå årsskiftet. Men ifølgje Ramskjær har mange museum allereie gjort store enøk-investeringar på område som ikkje utløyser støtte frå Enova, og dei kan truleg heller ikkje rekne med å få dette refundert gjennom straumstøtteordninga.

Ei spørjeundersøking gjennomført i september, før straumstøtteordninga vart kunngjort, viser at sjølv om besøkstala for musea er høgare enn i 2021, så ligg dei lågare enn i tida før koronapandemien for eit fleirtal av musea. Dermed kan ikkje høgare billettinntekter kompensere for dei auka straumutgiftene. Fleire museum er allereie i gang med å finne andre område å kutte i, som nedbemanning og redusert publikumstilbod, for å dekke inn dei auka kostnadane.

Ingen kompensasjon for nybygg

- Ein dramatisk konsekvens av budsjettet, er at dei musea som har opna nybygg i 2022, slik som Anno museum og Orkla industrimuseum, og som ikkje fekk kompensert dei auka driftsutgiftene på 2022-budsjettet, heller ikkje får det på 2023-budsjettet, seier Ramskjær.

Samstundes er ho glad for å sjå at det er løyvd vel fem millionar kroner til vidare planlegging av nybygg for det samiske RiddoDuottarMuseat i Karasjok.

- Dette var ein del av «Kunst i nord»-satsinga som var omtala i museumsmeldinga frå 2021, og at det blir følgt opp, er positivt, seier ho.

Løyvinga på fem millionar til stipendiatstillingar i museumsforsking, som kom i førre statsbudsjett, er også vidareført i budsjettet for 2023. Desse midlane blir forvalta av Forskingsrådet.

Les om statsbudsjettet for universiteter og høyskoler:

Image-text:

Anno museum opna sitt nye dokumentasjonssenter i år, men må sjå langt etter kompensasjon for auka driftsutgifter i statsbudsjettet. Illustrasjon: LPO arkitekter.

Extra-info:

Statsbudsjettet

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt