Uniforum
01.07.2017
- Det menneskelege mangfaldet er ikkje noko me skal frykta, men gleda oss over, slik som me gjer i dag. Det seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen etter å ha gått i Pride-paraden i Oslo laurdag 1. juli.
UIO OG HIOA FOR PRIDE: Her går leiinga ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo og Akershus saman i Pride-paraden. F.v. prorektor Morten Irgens (med stråhatt), HiOA, Ole Petter Ottersen og Ragnhild Hennum frå UiO og Curt Rice frå HiOA.
Les merFoto: Ola Sæther
Rektor Ole Petter Ottersen og prorektor Ragnhild Hennum frå UiO og rektor Curt Rice og prorektor Morten Irgens frå Høgskolen i Oslo og Akershus gjekk først i dei to utdanningsinstitusjonane sin felles seksjon under Pride-paraden i Oslo laurdag ettermiddag.
Feirar toleranse, tillit og mangfald
Mange tusen personar frå over 100 forskjellige organisasjonar deltok i Pride-paraden i Oslo. Mellom dei var altså rektor Ole Petter Ottersen ved Universitetet i Oslo.
- På denne dagen feirar me det me treng så sårt i dagens turbulente verd: toleranse, tillit, mangfald, fellesskap på tvers av alle skiljeli