forskning.no
24.04.2017
Nynorskbruken går opp men UiO er langt frå å oppfylla krava i mållova. Nettsidene til Universitetsbiblioteket og Uniforum har godt over 40 prosent nynorsk, medan heimesidene til fakulteta berre kan skilta med 0,8 til 9,8 prosent nynorsk.
Det går fram av Språkrådets målstatistikk for 2016.
Les merDen flinkaste eininga i UiO-klassen er altså Universitetsbiblioteket, som hadde 42,4 prosent nynorsk på nettsida si. Like etter kjem Uniforum, som hadde 41,1 prosent nynorsk på sine nettsider.
Gode tal for studiesidene
Også studiesidene til UiO viser gode tal. På opptakssidene er det 33,1 prosent nynorsk, medan det er 24,8 prosent nynorsk på eksamenssidene. Dei er dermed langt flinkare enn dei andre einingane ved UiO til å oppf