Trykk på punkta i biletet for å sjå video av dei ulike funksjonane.
FF - forskingsfartøy - Dr. Fridtjof Nansen er det viktigaste verktøyet i EAF-Nansenprogrammet, som er finansiert av Norad og Verdas matvareprogram, FAO. Å skaffe forskingsdata slik at ein kan forvalte havressursar forsvarleg er heilt sentralt, samt å utdanne havforskarar lokalt i utviklingsland.
Det nye fartøyet kostar rundt 450 millionar kroner.
Utfordringar på land
Sidan 1975 har forløparane til nye Dr. Fridtjof Nansen gjennomført tokt i meir enn 60 land. Mest i Afrika, men og i Asia og Latin-Amerika.
På brua gjer kaptein Tommy Steffensen seg kjent med det nye fartøyet.
- Dette skipet er mykje større enn det førre, og har mange fleire funksjonar. Og vi kan styre heile båten frå ein PC, fortel Steffensen, som vaks opp blant trålarar og juksamaskiner i Myre i Vesterålen, nokre garnlengder frå Norskehavet. Han blir ein del av det nye mannskapet på båten, men har à 2 g tenestegjort på dei andre norske havforskingsfartø