AddToAny

Rein rein

Rein rein
Tamreinen er samisk, men kjøtet er ditt og mitt og moglegheitane til å ete god og næringsrik mat sannsynlegvis større enn du anar. Enten reinen bor på den svenske eller norske sidan av grensa vert den stadig meir synleg.
SJÅ DEG I KRING i butikken. Finn du reinskjøt i det heile? Lenge har det vore slik at du er heldig om du finn ein vekkgøymd pakke reinskav i ein krok i frysedisken. Og ja, reinskav har si historie i samiske tradisjonar. "Handskjært kjøt" fekk du når du skar halvfrosne filetar i syltynne skiver og stekte dei raskt på panna, kanskje med ein saus, kanskje med sopp og tyttebær - tradisjonelle, samiske ingredienser.

Men fileten som vart nytta til reinskav var berre ein liten del av det store dyret, og er berre som ein parentes å rekne i det store reinmåltidet. Sjå deg vidare om i butikken. Kva andre produkt finn du? Dei siste åra har faktisk reine stykningsdelar vorte litt meir tilgjengelege, edlare stykka rein er no å finne i butikkar med godt utval, og det bør vi nytte oss av.



REINSKJØT er noko så sjeldant som magert, nærings- og smaksrikt. Det tyder mellom anna at du kan ha godt med ekte smør i steikepanna utan noko som helst dårleg samvet. Årsaka er all rørsla reinen får, ikkje berre er han ute bokstavleg tala heile året, matfatet endrar seg med årstidene, som samane faktisk har fleire av enn vi andre. Reindriftsåret er delt inn i åtte; dei fire sesongane vi er vane med, samt overgangane mellom dei, flyttetidene.

Etter Finnmarksreinen har beita seg feit og fin ved kysten på sommaren, til dømes, må han opp i høgda til rolegare områder før brunsten byrjar i september. På vegen vert slaktedyra plukka ut. Nett no går flokkane på vidda og et lav. Rein er det einaste dyret som kan nyttegjere seg av reinlavet, eit særleg enzym i vomma sørger for at hardt bund
Gå til mediet

Flere saker fra Ren Mat

Om eg fortel deg at huda di er eit økosystem, kva ynskjer du å gje ho?
Ren Mat 01.12.2023
Reins Kloster Akevitt, ble først lansert i 2012 etter at Reins Kloster og 3-4 andre gårder med tidligere tilknytning til Klosteret gikk sammen for å lage Norges første økologiske akevitt.
Ren Mat 01.12.2023
DEN GRØNNESTE VINEN er den som ikke drikkes. Slik resonneres det i hvert fall rundt strøm som ikke brukes.
Ren Mat 01.12.2023
Du trenger
Ren Mat 01.12.2023
Julen er høysesong for å nyte vår nasjonalsprit norsk akevitt. Brennevinet har i løpet av de siste tiårene gått fra å være ansett som fattigmanns trøst til å bli en nasjonal merkevare som kan måle seg med hvilken som helst importert brennevin.
Ren Mat 01.12.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt