Sigvor Mala
MENING: Kvifor hegnar ikkje fleire kunstnarar om ordningane og forsvarar dei, i staden for å gå til åtak på Kulturrådet, som er eit heilt unikt nav for kunst i det frie feltet, spør Karl Seglem i dette innlegget, som er ein kommentar til kritikk frå musikar Bent Patey.
Den fantastiske breidden og nivået norsk musikk har i dag er skapt på bakgrunn av at små midlar til kultur lenge har blitt forvalta godt.
Musikar Bent Patey er på krigsstien igjen (Dagbladet. 6.mars 2017). Patey rir minst tre hestar: Ein er gammal kritikk av Kulturrådet, den andre er gammal tenking om endring av måtane ein fordeler midlar til norsk kultur på. Midlane utgjer mindre enn 1 prosent av statsbudsjettet, der enda mindre går til musikkfeltet og langt mindre gjennom Kulturrådet sine ordningar. Den tredje er teoriar om kvifor frilansmusikarar tener mindre enn nokon gong. Patey sine uttalingar er kunnskaps- og retningslause, og eg er ikkje med på hans korstog mot byråkrati og kulturpolitikk. Han har ei litt for bitter suppe på langkok.
Historielaust
Det er historielaust å ikkje forstå at den fantastiske breidden og nivået norsk musikk har i dag, er skapt på bakgrunn av at små midlar til kultur lenge har blitt forvalta godt, særleg på musikkfeltet, særleg både av den faglege og administrative kompetansen i Kulturrådet. Pengane kjem frå Norsk kulturfond og skal komma det frie feltet til gode (ikkje kunst- og kulturinstitusjonar). Det er s